Et annerledes nettmagasin
Wednesday September 28th 2016

SMYGANDE ISLAMISME

Noko viktig er i ferd med å skje. Problem som er knytte til islamisering i Europa har vore feia under teppet både av dei styrande elitane i medlemslanda og ikkje minst i sjølve EU-apparatet. Dei kritiske som har opna munnen vert straks skulda for islamofobi, framandfrykt, osv.

Særleg stille har det vore i Tyskland, der folk sidan 1945 ikkje har våga å seia eit negativt ord om andre folkeslag og religionar.

No har det snudd. På mindre enn eit halvt år har emnet muslimsk innvandring gått frå å vera tabu til å bli eit eksplosivt diskusjonstema øvst på dagsordenen.

To bøker har hatt utløysande verknad.

Den framståande domaren Kirsten Heisig skreiv Das Ende der Gedult (Slutten på tolmodet), og vart funnen hengt i skogen i juni, like før boka kom ut. Heisig var kjent for fri tale og kraftig kritikk av styresmaktene sitt manglande innsyn i dei verkelege tilstandane i landet. Det gjeld den brutale ungdomsvalden, med seksualforskrudde ransgjengar, der mest samtlege kjem frå muslimske land. Når lovlydige skattebetalarar, både heimetyskarar og ærleg arbeidande innvandrarar, protesterer mot utviklinga, blir dei med ein gong truga og skulda som rasistar.

Den andre boka er skriven av sentralbanksjefen Thilo Sarazzin, Deutschland schafft sich ab (Tyskland avskaffar seg sjølv). Denne islamkritiske boka frå ein sosialdemokrat er ein bestseljar i millionopplag. Han hevdar at ingen annan folkegruppe står for så mange brotsverk og så sterk tapping av velferdsstaten som muslimane, om enn med individuelle skilnader.

Den mislykka integrasjonspolitikken er såleis blitt eit brennheitt tema. Familieministeren i Berlin, Kristina Schröder, fortalde nyleg i TV om tyske born og ungdomar som vert angripne og trakasserte fordi dei er tyskarar. Nokre dagar etter slo sjølvaste forbundskanslaren Angela Merkel fast at integrasjon av innvandrarar frå avvikande kulturar – til dømes tyrkiske og arabiske – er vanskeleg og at det multikulturelle eksperimentet er daudt. Det fleirkulturelle samfunnet er ein fiasko.

Korleis debatten no tek vegen, kan ein berre ane.

I vårt granneland Sverige har den idylliserte ”politiske korrektheita” stått like sterkt som i Tyskland. Medan Danmark har vist vilje til å ta fram dansk kultur og halde ei fast line mot islamisme og kravmentalitet, har Sverige i mange år levd på illusjonar i innvandrings- og integrasjonspolitikken. Verdien av eigen kulturarv blir relativisert eller fornekta. Einvegstoleransen er påfallande. 

 Truleg vil debatten ta seg opp også der, etter at ein sjølvmordsbombar slo til i Stockholm midt i juletrafikken. Det var òg ein vekkjar at landet hyser folk som vil drepa redaktørar og medarbeidarar i Jyllands-Posten, avisa som har har forsvart prinsippet om ytringsfridom klarare enn nokon annan storavis i Norden.

Ei ny sterk bok av dosent Alf Ronnby vil òg få verknad på det gryande svenske ordskiftet. Tittelen er Smygande islamism. Med dette uttrykket meiner han ein islamisme som tek sikte på ”de små stegens förändringar, som muslimer genomför och den anpassning av det svenska samhället till den nye situationen, som vi andra vidtar för att tillmötesgå krav ocg tryck från islamister.”

Det er snart ein million muslimar i Skandinavia, og Sverige har halvdelen av dei. I Europa er det no 25-30 millionar, Ronnby reknar med 100 millionar innan 2050.

Ei slik mengd av muslimar kjem til å påverke liv og levemåte dramatisk for folk flest. Islam er ein kombinert religion og politisk ideologi som omfattar alt i menneskelivet. Sett frå vår kant er det ein reaksjonær og alderdomeleg religion. Etter kvart som demokratisk innstilte menneske set seg betre inn i islam, historikk og særkjenne ved ideologien, går det opp for stadig fleire kva for konsekvensar som ventar våre frie samfunn.

Det blir for overflatisk å seia: ”Ja, kristendom, islam, eller buddhisme eller animisme er hipp som happ, folk må få dyrke sin religion som dei vil…”

Djupare går ikkje analysen hjå svenskar og nordmenn som helst vil på ferie til Syden, og ikkje drøfte politikk og brysam ideologi.

Til dette seier forfattaren: ”I religionsfrihetens ock multikulturalismens namn anpassar vi oss och det svenska samhället successivt allt mer till muslimska särinteressen. Det får konsekvenser för samhället och vår kultur, särskilt eftersom islams krav inte passar i ett modernt, sekulariserat samhälle.”

Mykje ville vera vunne dersom styresmaktene i fleire europeiske land tok til å skjøne fylgjande: Kristendom og islam er ikkje berre to ulike variantar av religion, men to kulturar som står på kvar si side av Opplysningstida. Strev for islamisme og strev for demokrati kan difor ikkje sameinast.

Sekulære muslimar er ikkje det same som aktive islamistar. Det er relativt få ekstremistar og terroristar, men mange islamistar. Skal demokratiet klare å stå mot og bekjempe islamismen, krevst det politisk leiarskap som maktar å sjå dei kreftene som har slege rot i Europa, som vedgår dette, og som deretter handlar i samsvar med realitetane.

 HALLGRIM BERG

Skribenten er bl.a. tidligere stortingsrepresentant. I en årrekker var han kultur- og mediepolitisk talsmann for Høyre . I flere år var han også medlem av Europarådets parlamentarikerforsamling i Strasbourg, der han de siste fem årene var leder for The European Democratic Group.

Leave a Comment

More from category

KLIMAAVTALEN 2015
KLIMAAVTALEN 2015

196 land har nå signert et dokument som innebærer kamp mot menneskeskapte gassutslipp til atmosfæren. Kampen er [Read More]

FMIN I OMS 110116: REFERAT & INNTRYKK
FMIN I OMS 110116: REFERAT & INNTRYKK

Generelt FMIN talte til et fullpakket OMS. Hun er meget dyktig, talefør og sjarmerende. Hvorvidt hun også er en [Read More]

THAILAND – ET UTVIKLINGSLAND (RAPPORT NR. 2)
THAILAND – ET UTVIKLINGSLAND (RAPPORT NR. 2)

Da min kone og jeg kom til Thailand i 1989, var biltrafikken i Bangkok utrolig plagsom. Det tok bokstavelig timer å [Read More]

BANGKOK UNDER MILITÆRSTYRET
BANGKOK UNDER MILITÆRSTYRET

Min kone og jeg bodde i Bangkok fra 1989 til 1999, og har besøkt Thailand minst to ganger i året siden den tid. [Read More]

TIL UNGDOMMEN  (TENK PÅ NOEN TALL:  10 000 – 5 300 –  15 300)
TIL UNGDOMMEN (TENK PÅ NOEN TALL:  10 000 – 5 300 –  15 300)

Begrepet bærekraftig utvikling («sustainable development») ble lansert i rapporten Vår felles framtid som ble lagt [Read More]

HVORFOR FORTELLER IKKE MEDIENE SANNHETEN?
HVORFOR FORTELLER IKKE MEDIENE SANNHETEN?

Fra bloggen til en av kommentar.no’s helter,Hege Storhaug, har vi tillatt oss å sakse dettte: Hvorfor forteller [Read More]

BLIR DET KRIG?
BLIR DET KRIG?

I dag (5/1) rapporteres det på alle snørr – og – tårer – kanalene til NRK at ingen NATO-land vil levere [Read More]

JA TIL LUNDESTAD, NEI TIL JAGLAND OG KACI KULLMANN FIVE
JA TIL LUNDESTAD, NEI TIL JAGLAND OG KACI KULLMANN FIVE

I et Norge der rammene for ytringsfrihet og åpen debatt stadig innsnevres og snart har like dårlige betingelser som i [Read More]

Insider

Archives